“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Nisjebutikkensdag 2019

Nisjebutikkensdag 2019

Bli med på markeringa av #nisjebutikkensdag den 30.11.19! Dette er ei nasjonal bevisstgjeringskampanje for sjølvstendige butikkar over heile landet frå Butikkutvikler og gb-design, der me set fokus på nisjebutikkar, lokal verdiskaping og levande sentrum.  Klikk deg inn på vår felles heimeside

Me er stolte over at såpass mange var med å gjera dette til ein flott dag i fjor – og så mange delte det glade bodskap, ikkje minst i sosiale medier. Med fjorårets knallgule materiell og vår godt synlege logo, så vart mange oppmerksame på at denne dagen er ein viktig dag for mange små og mellomstore bedrifter landet rundt. 

Eigentleg burde kvar einaste dag vera nisjebutikkane sine dag, for kampen der ute om å overleva føregår heile tida. Men me vel å setja fokus på ein dag, nemleg dagen etter Black Friday. Den store forskjellen er at me har ei bevisstgjeringskampnanje med fokus på alt anna enn tilbod og å gje vekk varene. Me fokuserer nemleg på det viktige som:

  •  KVALITET

  •  SERVICE

  •  FAGKUNNSKAP 

  •  KJØPSOPPLEVELSE

Me er i gang med å mobilisera butikkar over heile landet og å dela ut invitasjonar. I år planlegg me endå meir merksemd enn i fjor. Endå meir slagkraft. Endå meira synlegheit. Me kjem på trykk i endå fleire aviser og me håpar sjølvsagt at endå fleire butikkar forstår kor viktig det er at dei bestiller våre tøffe materialpakker for denne dagen! Saman er me sterke – og med at “alle” butikkane har knallrosa plakatar og ballongar på fasade og inne i butikkane, ja då vert bodskapen vår verkeleg lagt merke til! 

Altså, kvifor materialpakke? Jo….du vil få større merksemd med proffe plakatar i sterke fargar – og slik står du samla med butikkar over heile landet i ein felles front ut mot kundane! I pakka får du ballongar, buttons, A4 og A3 plakatar som du kan bruka i butikken din. I tillegg får du digitale filer til bruk i sosiale medier og på heimesida di.

Når du no kjøper materiell frå oss, så kjem trykksakene frå Gøril/butikkutvikler sitt lokale trykkeri, Jærprint. Me handlar sjølvsagt lokalt, sjølv om me nok kanskje kunne fått dette trykt litt rimelegare i utlandet. Torstein, son til Gøril, pakkar og sender materiellet til din butikk. Han må sjølvsagt ha ei løn. Porto er og ei utgift som inngår i prisen.

Gøril lagar pressemeldingar og sender til aviser og TV. Giske har designa logo & materiell. Me tjener ikkje mange kronene på dette, hverken Gøril eller meg, men me gjer dette fordi me har eit sterkt engasjement og hjarta for lokal handel – og me ser at det er mange butikkar som treng eit lite løft. 

Me har evaluert fjorårets kampanje og me har gjennomført ei spørjeundersøking dei to siste åra for å kartlegga dykkar erfaringar med markeringa av dagen. Det er desse svara som har gjort at me har valt denne strategien. 

Meir informasjon om nisjebutikkensdag 2019 finn du på vår heimeside www.nisjebutikkensdag.no Det er og her du bestiller materialpakka.

Når du mottek materialpakka etter bestilling (etter sommaren), så vil det fylgja med ein link som gjev deg tilgang til filene som du kan bruka i sosiale medier. Altså til facebookheading/banner og til instagrampostar. Har du ei heimeside så brukar du dei sjølvsagt der og. Du vil og få med ei liste med forslag til aktivitetar du kan fylla nisjebutikkens dag med!

Så….tusen takk for at du er med!

Saman så får me til så uendeleg mykje meir!!!

Klem frå Gøril & Giske

#lokalverdiskapning #sentrumsutvikling #levendesentrum #samarbeid #sammenervisterke #nisjebutikk