Dette er noko av arbeidet eg har

utført for mine kjekke kundar.

 

Kva kan eg hjelpa deg med?

image description

Ask omsorgssenter

Stiftelsen Ask bo- og omsorgssenter vart etablert på Ask heilt tilbake i 1922, og no 94 år seinare har institusjonen endeleg på plass sin eigen logo og grafiske profil.

Designet i den nye logoen og profilen byggjer på grunnverdiane til institusjonen som er varme, omsorg, glede, tradisjon og tru/diakonal. Navnet er og forenkla, då det var langt og tungt – så no vert Ask omsorgssenter nytta i daglegtale. Den nye visuelle profilen og profilhandboka er no på plass – og vil vera eit godt hjelpemiddel for institusjonen. Me har og utvikla ulike dokumentmalar for intern bruk, brevmalar, e-post signaturar, stempel, skilting m.m.

Ask bo-og omsorgssenter er ein ideell, diakonal stiftelse som er tufta på den norske kyrkja si lære. Institusjonen er den eldste på Askøy, og er eigd av dei fem menighetane Strusshamn, Tveit, Ask, Erdal og Herdla. Stiftelsen har driftsavtale med Askøy kommune og driv i dag ein sjukeheim med 47 plassar og leiger ut 8 eldreboligar.

KUNDE: Ask omsorgssenter
Dato: desember 2015 - februar 2016
TENESTER:
  • logodesign
  • visuell identitet
  • profilhåndbok
  • div. dokumentmalar og skjema
  • stempel
  • skilt
  • brosjyre