Dette er noko av arbeidet eg har

utført for mine kjekke kundar.

 

Kva kan eg hjelpa deg med?

image description

Cytox AS

Cytox As har 90 års jubileum no i 2017! I samband med dette har gb-design stått for design av jubileumslogo og implimentering av denne på alt av skjema, trykksaker osv.

- – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – 

Gjennom ein periode i 2013 arbeidde gb-design med redesign av logo og identitet for Cytox AS. Det vart designa ei profilhåndbok basert på det nye visuelle uttrykket til firmaet. Denne profilhåndboka inneheld: logo med og utan undertekst, logobruk, fargepalett, fontbruk, visittkort, brevmalar, konvoluttar, div.skjema, bildekor m.m.

gb-design har sidan levert ulike trykksaker og skjema/prislister med meir iht den nye visuelle profilen til Cytox AS. Det er og gjort ei justering på visittkortdesign og trykt opp nye visittkort til dei tilsette i firmaet. Ny bildekor er designa iht profil etter kvart som det er bytt ut bilar og bilmodellar. 

gb-design har og bistått med å tilrettelegga annonser m.m. i Google AdWords for Cytox.

 

KUNDE: Cytox AS
Dato: 2013 - 2017
TENESTER:
  • Redesign logo / identitet / profilhåndbok
  • Design av jubileumslogo
  • Merkantile trykksaker
  • Bildekor
  • Google AdWords