Dette er noko av arbeidet eg har

utført for mine kjekke kundar.

 

Kva kan eg hjelpa deg med?

image description

Fotograf Monica Johansen

I anledning markering av 8 års drift av Studio M i 2014, så ynskte Fotograf Monica Johansen å friska opp logo & profil før me sette i gang med å designa ulike trykksaker. 

Eg gjorde ein liten redesign på sjølve logoen, med justeringar mellomrom og deretter med fargane. Sjølve tag'en M, ja den vart knallrosa - nettopp fordi denne fargen er Monica. Deretter vart designa ein ny visuell profil med logovariantar, fargepalett og nye mjukare og meir moderne fontar for bruk til trykksaker/marknadsføring. 

Ved design av dei nye visittkorta tok me utgangspunkt i forma på tag'en i logoen, rett og slett for å bygga profilen og merkevara til Monica og Studio M vidare - og på ein måte som stikk seg litt ut:-)

Hausten 2014 har me supplert med eit stempel i same form som visittkort. Dette skal nyttast til å stempla blandt anna konvoluttane som studiobildene vert sendt ut til kundane med. Stempelet er levert med svart blekk, men planen er at Monica sjølv bestiller rosa blekk frå utlandet - som passar med profilen hennar. Det vil skilja seg positivt ut, og verta unikt!

Sjå gjerne meir av arbeidet til Monica på facebooksida hennar HER

 

KUNDE: Studio M - Fotograf Monica Johansen
Dato: mai - november 2014
TENESTER:
  • redesign logo 
  • visuell profil
  • runde visittkort
  • rundt stempel
  • plakat