Dette er noko av arbeidet eg har

utført for mine kjekke kundar.

 

Kva kan eg hjelpa deg med?

image description

Karoline Smykkeverksted

Hausten 2015 designa eg ny logo og visuell identitet til Karoline Smykkeverksted ved gullsmed Jorunn Karoline Brunvær. 

Designet tar utgangspunkt i identiteten til gullsmeden, ei barsk og tøff dame frå Hamarøy i Nordland, no busett på Voss. Det var ynskje om noko røft, men samstundes elegant og som understreker fagkunnskapen og gullsmedyrket. Naturen som mange av arbeida hennar er inspirert av var og viktig å ha med. Difor er Hamarøyskaftet ein sjølvsagt del av den nye logoen hennar.

I tråd med hennar nye identitet vart det designa 2-sidige sals-/visittkort i firkanta form. Desse passar perfekt inni dei nye smykkeøskjene i svart som har logotrykk i sølv. 

gb-design har og bistått med å få Karoline Smykkeverksted i gang på sosiale medier med Facebookside og Instagramkonto.

KUNDE: Gullsmed Jorunn Karoline Brunvær
Dato: 2015 - 2016
TENESTER:
  • logo
  • visuell identitet
  • visittkort
  • trykk på emballasje
  • sosiale medier