Dette er noko av arbeidet eg har

utført for mine kjekke kundar.

 

Kva kan eg hjelpa deg med?

image description

NM friidrett 2016

gb-design fekk oppdraget med å designa logo & profil til hovud NM i friidrett 2016 på Askøy, der Ask Friidrett er arrangør.

Det var ynskje om noko nytt, samstundes som ein får fram noko av identiteten til Ask Friidrett.

Eg valde å teikna eit piktogram av ein diskoskastar, for å dra fram noko av det som Ask Friidrett er kjend for i dag - nemleg det gode kastmiljøet som dei har bygd opp og som utmerkar seg i landstoppen. Raud- og blåfargen er Ask Friidrett sine profilfargar, og passar samstundes godt inn med eit norsk mesterskap. Ved god fargebruk i typografien, så får ein framheva dei ulike hovudpunkta: NM i FRIIDRETT på ASKØY i 2016. 

Logoen er designa med ein hovudlogo i ståande format og ein alternativ logo i liggande format. På myrk bakgrunn skal den alltid ha eit kvitt felt/ramme bak - slik at den framstår som eit merke.

Sjå gjerne mitt blogginnlegg om designprosessen av NM-logoen her.

NM i friidrett 2016 gjekk av stabelen i helga 29.-31.juli 2016 på Ravnanger Idrettspark.

KUNDE: NM i friidrett 2016 / Ask Friidrett
Dato: mars 2015
TENESTER:
  • logodesign
  • profil