Dette er noko av arbeidet eg har

utført for mine kjekke kundar.

 

Kva kan eg hjelpa deg med?

image description

Tottos Gullsmie // profilering

Profilering

 

Våren 2015 redesigna gb-design logo & profil for Tottos Gullsmie.

Det vart lagt vekt på å lyfta og å spissa identiteten til Tottos Gullsmie. Logo vart redesigna ut frå forma på den gamle logoen som har vore med sidan oppstarten tilbake i 1998. Nye elegante visitt-/salgskort i ei meir eksklusiv form er og designa og trykt opp. Skilt og bildekor har etterkvart fått ny logo på.

Samstundes som det er vorte designa ny identitet, så har me arbeidd med Facebooksida til Tottos Gullsmie. Her er det utvikla ein stil som komplementerer den nye identiteten - med nye profil- og coverbilder, og bilder til innlegg og kampanjer. gb-design har og stått for optimalisering av sida med innstillingar, informasjon osv.

Frå og med august 2015 står gb-design for drift av Facebooksida til Tottos Gullsmie, med 3-5 innlegg pr.veke etter lagt strategiplan og fotografering av produkta i butikk. 

KUNDE: Tottos Gullsmie
Dato: frå 2015 til dags dato
TENESTER:
  • logo
  • visuell identitet
  • visittkort
  • profileringsartikler
  • annonser
  • sosiale medier