gb-design // Giske Berland, 

frilans designer & merkevarebyggar

 

”Kvifor vera stor, når du er lukkeleg som liten?” 

image description

Allsidig designer, merkevarebyggar, engasjert samarbeidspartnar og litt “potet”.

gb-design er eit lite, kreativt og sprudlande designfirma med fokus på å utvikla god og funksjonell design som fungerer i praksis. 

 

Giske er ein ujålete, blid og omgjengeleg designer. Praktisk anlagt, kreativ, nysgjerrig av natur, engasjert og til tider litt utolmodig. Ho likar å ha struktur på arbeidet, ein plan og ho arbeider aller best sjølvstendig, samstundes som ho er ein god samarbeidspartnar. Giske er lidenskapleg oppteken av “det lille ekstra” – slik at kunden får det han eller ho ynskjer, har behov for og det som gjev resultat.

 

gb-design har base og heimekontor midt i Voss sentrum. Giske har vore frilans designer i over 11 år, etter å ha staka ut ei ny retning i vaksen alder med å ta utdannings om grafisk designer. Ho er så og seia “født og oppvaksen” i daglegvarebransjen, der ho har arbeidd med alt frå A til Å. Store deler av livet har o såleis arbeidd med sal og marknadsføring av ulikt slag. Pluss på nokre år med produksjon av bunadssylv, ein periode innan helse og litt anna, så får me ein god dose allsidig arbeids- og livserfaring.

Dette gjer at Giske ser deg og dine behov på ein litt annan måte enn kva mange andre designerar og byrå gjer. 

 

Giske si sterke side som designer og rådgjevar er utvikling av identitet, og å bygga merkevare, der det er ein “raud tråd” gjennom alt ho leverer. Design er ein prosess frå idé, til gjennomføring og ferdigstilling. Giske brenn for å utvikla funksjonell og smakfull design til det beste for kunden – det å finna det UNIKE ved nettopp deg, ditt produkt og ikkje minst di bedrift. Eitt av hennar mål er at kunden skal vera stolt av resultatet og at dei kjennar eigarskap til det ferdige produktet som dei skal nytta vidare i sin kvardag.

 

Med ei praktisk tilnærming til dei ulike oppdrag ho tar på seg, arbeider Giske ofte i eit tett samarbeid med kunden I praksis vil dette seia alt i frå å arbeida ute hjå kunden, eller på heimekontoret der kommunikasjonen går via e-post og telefon. Resultata vert då at ein saman skapar gode løysingar som fungerer godt, skreddarsydd etter kunden sitt behov. Kundane til Giske held i hovudsak til på Vestlandet, men ho arbeider gjerne med kundar landet rundt. Fleksibilitet er eit stikkord og reiseglad er eit anna, så #reisekontor er ikkje noko problem – det er meir ei glede. Når Giske har anleding reiser ho gjerne til fjells og har #hyttekontor, kombinerer jobb og fritid – og med det få maks inspirasjon frå naturen. Andre gonger er det kjekt å ta nokre timar med #kafekontor – og med det få litt variasjon frå kvardagen og ein anna inspirasjon. 

 

Vel du gb-design & Giske for dine tenester, så garanterer ho godt humør og ein dose latter med på kjøpet. Send nokre ord på e-post eller du slår på tråden til 47676466 for ein prat. 

Giske tar ikkje på seg oppdrag eller prosjekt der ho trur du er betre tent med ei anna løysing enn ho kan tilby. gb-design har samarbeidspartnarar innan fleire område, slik som fotografar, trykkeri, publiseringsløysingar for web osv.

MINE TENESTER

LOGODESIGN  //  VISUELL IDENTITET  //  MERKEVAREBYGGING  //  KONSEPTRÅDGJEVNING  //  MARKNADSFØRING

TRYKKSAKER  //  SOSIALE MEDIER  //  WEBDESIGN  //  WORKSHOP & KURS  //  FOTO 

Informasjon pr. august 2021

 

  • Eg er enno ikkje tilbake i full jobb  – og prioriterer difor avtalt arbeide for faste kundar. 
  • Ei eller anna gong i løpet av 2021 vil eg nok vera tilbake i full vigør, men det er vanskeleg å seia noko eksakt tidspunkt. Eg tar ein dag om gongen – og steg for steg. 
  • Utover hausten kan eg nok ta på meg noko meir arbeide, men akkurat kva og kor mykje kjem an på kva det handlar om. Kontakt meg gjerne for ein uformell samtale, så kan eg nok gje deg litt meir konkrete svar ut frå dine opplysningar om prosjektet.

 

Ny heimeside

Ei ny heimeside er på gang, men ting går ikkje alltid slik ein tenkjer eller planlegg – og ein må rett og slett prioritera kva som er viktigast i livet. Pandemien og ringvirkningane rundt denne fekk store konsekvensar også for meg på ulike plan – og med det også for mitt firma og arbeide. Difor har eg prioritert kundane mine og mi eige helse, framføre å få på plass ei ny heimeside. 

Portfoliesidene på denne heimesida vart teke ned vinteren 2020, då dei ikkje var oppdatert på aldri så lenge og dermed ikkje heilt representativt for kva eg står for i dag.

Mykje av mitt arbeide kan ein likevel sjå i sosiale medier, både på FACEBOOK & INSTAGRAM.

 

Giske, gb-design.no