gb-design // Giske Berland, 

frilans designer & merkevarebyggar

 

”Kvifor vera stor, når du er lukkeleg som liten?” 

image description

Allsidig designer, merkevarebyggar, engasjert samarbeidspartnar og litt “potet”.

gb-design er eit lite, kreativt og sprudlande designfirma med fokus på å utvikla god og funksjonell design som fungerer i praksis. 

 

Giske er ein ujålete, blid og omgjengeleg designer. Praktisk anlagt, kreativ, nysgjerrig av natur, engasjert og til tider litt utolmodig. Ho likar å ha struktur på arbeidet, ein plan og ho arbeider aller best sjølvstendig, samstundes som ho er ein god samarbeidspartnar. Giske er lidenskapleg oppteken av “det lille ekstra” – slik at kunden får det han eller ho ynskjer, har behov for og det som gjev resultat.

 

gb-design har base og heimekontor midt i Voss sentrum, feirar Giske i desse dagar 10 år jubileum som frilans designer. Etter å ha arbeidd “halve livet” med sal og marknadsføring, og deretter nokre år med produksjon av bunadsylv, tok livet hennar ei ny retning med utdanning som grafisk designer. Giske er så og seia “født og oppvaksen” i daglegvarebransjen, der ho har arbeidd med alt frå A til Å. Dette gjer og at ho ser deg og dine behov på ein litt annan måte enn kva mange andre designerar og byrja gjer. 

 

Giske si sterke side som designer og rådgjevar er utvikling av identitet, og å bygga merkevare, der det er ein “raud tråd” gjennom alt ho leverer. Design er ein prosess frå idé, til gjennomføring og ferdigstilling. Giske brenn for å utvikla funksjonell og smakfull design til det beste for kunden – det å finna det UNIKE ved nettopp deg, ditt produkt og ikkje minst di bedrift. Eitt av hennar mål er at kunden skal vera stolt av resultatet og at dei kjennar eigarskap til det ferdige produktet som dei skal nytta vidare i sin kvardag.

 

Med ei praktisk tilnærming til dei ulike oppdrag ho tar på seg, arbeider Giske ofte i eit tett samarbeid med kunden I praksis vil dette seia alt i frå å arbeida ute hjå kunden, eller på heimekontoret der kommunikasjonen går via e-post og telefon. Resultata vert då at ein saman skapar gode løysingar som fungerer godt, skreddarsydd etter kunden sitt behov. Kundane til Giske held i hovudsak til på Vestlandet, men ho arbeider gjerne med kundar landet rundt. Fleksibilitet er eit stikkord og reiseglad er eit anna, så #reisekontor er ikkje noko problem – det er meir ei glede. Når Giske har anleding reiser ho gjerne til fjells og har #hyttekontor, kombinerer jobb og fritid – og med det få maks inspirasjon frå naturen. Andre gonger er det kjekt å ta nokre timar med #kafekontor – og med det få litt variasjon frå kvardagen og ein anna inspirasjon. 

 

Vel du gb-design & Giske for dine tenester, så garanterer ho godt humør og ein dose latter med på kjøpet. Send nokre ord på e-post eller du slår på tråden for ein prat. 

Giske tar ikkje på seg oppdrag eller prosjekt der ho trur du er betre tent med ei anna løysing enn ho kan tilby. gb-design har samarbeidspartnarar innan fleire område, slik som fotografar, trykkeri, publiseringsløysingar for web osv.

MINE TENESTER

LOGODESIGN  //  VISUELL IDENTITET  //  MERKEVAREBYGGING  //  KONSEPTRÅDGJEVNING  //  MARKNADSFØRING

TRYKKSAKER  //  SOSIALE MEDIER  //  WEBDESIGN  //  WORKSHOP & KURS  //  FOTO 

NY PROFIL & HEIMESIDE ER UNDER ARBEIDE

Status pr. april 2020:

Opprinneleg plan var å ha både ein redesigna identitet OG ei flunkande ny heimeside på plass tidleg i 2020, i samband med mitt 10 års jubileum som frilans designer. Men ting går ikkje alltid slik ein tenkjer og ein må då prioritera. Hjå meg kjem kundane alltid i fyrste rekke, sjølv om det marknadsføringsmessig nok hadde vore lurt å få oppdatert si eige heimeside.

#workinprogress → Forhåpentlegvis har eg ny heimeside på plass og klar for lansering i løpet av mai månad.

Portfoliesidene på denne sida er pr.idag tatt ned, då desse ikkje var oppdatert på aldri så lenge og dermed ikkje heilt representativt for kva eg står for i dag.

Mykje av mitt arbeide kan ein likevel sjå i sosiale medier, både på FACEBOOK & INSTAGRAM.

Giske, gb-design.no